Glaset og teknikk

 

Glas er fasinerande. Gjennom transparente og reflekterande overflatar, lys og mørke, skapar glas tiltrekningskraft og utfordringar. Eigenarten til glaset kjem frå ein dynamisk kompliserande prosess. Kunsten å skape eit stykke glas er ein balansegang mellom kjemi, fysikk og design. Molekylære bindingar som endrar seg med temperatur og tid, frå fast til flytande form, skapar ein eigenart som fasinerar.

Det er denne eigenarten som reflekterar glaskunsten frå Skjørtenhytta, designa og produsert av Silje Margrete.

Prosessen kallast Glasfusing. Denne måten å bearbeide glass på er eldre enn glassblåsing. Dei eldste gjenstandane finn ein frå Mesopotania og Egypt og er ca. 3-4000 år gamle.Teknikken vart i praksis gløymd då romerane utvikla glassblåserteknikken, men vart ”gjenoppdaga” i det 19de århundre. 

Produksjon av detaljer i glass.