Skjørtenhytta og Vamma kraftverk

Skjørtenhytta,  Askim.

Skjørtenhytta vart ferdigstilt i 1914, tegna av Torvald Astrup. og bygd av Vamma Fossekompagni/Hafslund.  Herskapsboligen vart byggd i samband med utbygging av 3 store kraftverk tidleg på 1900 tallet.

 

 

 

I perioda frå 1914 til 1930 romma bygningen ei rekkje besøk frå utanlandske regjeringer og kongelege. Frå og med 1927 vart huset nytta til representasjon av Hafslund og staden er ein del av historien rundt industrialiseringen av Norge.

Eiendommen er opprinneleg ein husmannsplass frå 1600-talet og lå den gongen lenger ned mot Glomma.

Vamma kraftstasjon, 1915.

Vamma kraftverk er eit elvekraftverk i Glomma ved Askim/Skiptvedt. Kraftverket vart påbegynt i 1907 av Vamma Fossekompagnie, der Sam Eyde var grunnlegger. Formålet var å sikre energi til produksjon av kunstgjødsel, noko som aldri vart igangsett.

Hafslund overtok det uferdige anlegget og i1915 vart åtte mindre fosser vart demma opp til ein samla fallhøgde på 28,5 m, som ga grunnlag for ein kraftstasjon med to turbiner og 113 MW. Dette var den gong eit dei største lavtrykksanlegga i Europa.som dekka ein periode store deler av all kraft til Christiania. Kraftverket er seinare utvida og modifisert ein rekke gongar ogt inneheld i dag ti francisturbiner og éin kaplanturbin. Samla maksimal effekt er 215 000 kW. Kraftverket har en midlere årsproduksjon på 1 275 GWh Kraftverket er Hafslunds ASA største kraftverk.